Problemløysing og rådgjeving innan IT og forretningsverksemd.
Eg har alltid vore interessert i mykje rart, men alltid meir interessert i å forstå korleis ting ting heng saman enn å faktisk bruke det til noko nyttig. Heller analyse av data og idéar enn læring av teknikkar og bruk av verkty.
Generering av idéar for løysing av problem eller for forbetring av prosessar, produkt eller tenester er meir i mi gate enn arbeidet med å sette idéane ut i livet. Rutinearbeid tek frå meg livsgleda.
Som tenåring tilbake i det forrige århundret såg eg for meg ei karriere innleigd av små og store bedrifter for å komme opp med forslag til forbetring av verksemdene deira - eller ei karriere i eit av dei store konsulentselskapa sett til å hoppe inn på prosjekt med behov for eit friskt blikk eller nytt perspektiv for å komme vidare.
Meir enn tre tiår seinare er eg framleis overtydd om at evnene mine vil vere best utnytta i slike posisjonar enten innan informasjonsteknologi, området eg har endt opp med å spesialisere meg i, eller forretningsverksemd meir generelt der eg i tillegg har både utdanning og vidtfemnande interesser.
Bedriftsleiarar og mellomleiarar som treng ein å sparke idéar fram og tilbake med må gjere ta kontakt!
Analyse og presentasjon av data er noko eg kunne tenkt meg å jobbe meir med. Eg finn det elles mykje meir tilfredsstillane å bygge kompliserte datauttrekk ved hjelp av SQL enn å bygge GUI og forretningslogikk.
Innspel i planlegging og designfasen kjem eg gjerne med, men røyrleggararbeidet vil eg helst sleppe. Heller bugfiksing og koderydding enn nyutvikling.
Tida mi hos BKK ser per desember 2020 ut til å nærme seg slutten, så ta gjerne kontakt om du trur eg kan bidra slik at vi kan slå av ei prat!
Med bachelorgrad i økonomi og administrasjon frå Norges Handelshøgskule og bachelorgrad i informasjonsvitenskap frå Universitetet i Bergen har eg jobba med programutvikling, systemstøtte og rådgjeving i over ti år.
Før eg fekk på plass dei siste eksamenane i studia mine jobba eg eit par år med brukarstøtte og utvikling av verksemdssystemet ElWin for Elis AS (no Hansen Connect) i Dale i Sunnfjord.
ElWin var i utgangspunktet utvikla for e-verk og kraftleverandørar for fakturering av straum basert på innsamla forbruksdata og til støtte for diverse driftsoppgåver i dei to bransjane. Seinare la dei til støtte for andre typar måledata og for fakturering av refusjonskrav basert på fordeling av felles innkjøpt straum, fjernvarme og/eller gass i burettslag, sameiger, næringsbygg, m.m. basert på intern forbruksmåling og/eller fast fordelingsbrøk.
Pilotkunden for prosjektet var BKK Energitjenester AS og oppstartsdato var 1.mars 2011. Eg var då for lengst flytta tilbake til sivilisasjonen og hadde i mellomtida fullført studia mine og jobba eit par år som programutviklar hos to selskap som dreiv med butikkdata (Tellix Butikkdata AS og Vest Systempartner AS). Eg var klar for nye utfordringar og starta som innleigd konsulent hos BKK Energitjenester i desember 2011 og har, per desember 2020, vore innleigd der stort sett på fulltid sidan, borsett frå eit par år til med meir butikkdata innimellom.
Som ElWin-spesialist hos BKK Energitjenester (no del av BKK Varme AS), har eg jobba mest med driftsoppgåver tilknytt kontroll av måleverdiar og forbruk, oppsett av nye anlegg (burettslag, sameiger, m.m.) i ElWin, lage spesialrapportar til støtte for ulike driftsfunksjonar basert på mine kunnskapar om tabellane og relasjonane i Oracle-databasen som ElWin er basert på, dataretting direkte i databasen når det er behov for det, i tillegg til diverse problemløysing og rådgjeving.
Copyright © All Rights Reserved